mandag 2. september 2013

Nedbrytingstid



Hausten er nedbrytingstid
- Det våren bygde opp,
vert no dekonstruert;
Det prangande flotte vert knekt,
det knekte vert knust,
det knuste forsvinn
for alltid

Under torv, under bark, skjult
under lag med rotnande vev
kveilar soppen sine lange armar
og riv og slit, et og smuldrar opp
dei stive reisverka til sommarskogen

Med finslipt presisjon, ein innpoda trong
til å knuse og øyde
leggje skogen ned – pulverisere
dei høge og stolte tankar,
jobbar soppen sin veg gjennom året –

Så, utan forklaring, utan ord,
dukkar det opp – som ei gåve
(kanskje av dårleg samvit?)
frå knusaren:
Mat, spreidd over skogbotn;
saftige, frodige rettar,
noko handfast og nytt, skapt av det gamle
og servert i det stille –
Eit måltid på døden si rekning


(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Naturens gaver)

4 kommentarer:

  1. Mmm, svamp är gott. I alla fall de du tagit kort på. Svamp är ju både bra och dåligt och en del i nedbrytningen. Precis som du skriver.

    SvarSlett
  2. Blir grådig imponert over evna di til å sette ord på det som rører seg rundt deg.
    Har vel sagt at eg kjøper diktboka når den kjem?!! :-)

    SvarSlett
  3. Takk! Det er kjekt å skrive, og veldig kjekt at nokon likar det eg skriv!

    SvarSlett
  4. For mange er høsten soppsankning men jeg har aldri våget det, men fin er de !

    SvarSlett