søndag 8. september 2013

Musling



Vi er muslingar, feste til grunnfjellet
i havet, veivande, syngande
muslingar, viltert leikande i bylgjene
frå havet, som slår og slår og veltar
seg inn over oss, dag etter dag
i den same takta, den same rytmen,
i varierande intensitet og styrke –
Somme dagar med knusande kraft,
andre dagar som ei stille kitling
mellom dei opne skala, her vi står
fastlimte til fjellet, prisgitt kvar straum,
kvar bylgje som riv og slit
og vi kjenner at livet pulserar, det er her
vi vil vere, det er her vi vil stå –
Vi står fast, men samtidig vel vi å vere
nett her, nett no, som levande brikker
i spelet – det er korleis vi tek imot
det heile som tel, korleis vi lar bylgjene
vaske oss, dag etter dag – om vi strittar imot,
eller opnar famnen, strålar mot vatnet
og ynskjer det velkommen
med kvar fiber i skjelvande musklar
Det er det som definerer kven vi er,
ikkje evna, eller manglande evne,
til å gøyme oss vekk for det som komme –


(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Stilleben)

7 kommentarer:

  1. Mange kloke råd her, måtte en bare kunne klare å nå det siste...

    SvarSlett
  2. Skønne ord og et dejligt billede :-)

    http://2.104.134.159/wordpress/2013/09/09/mandagstema-91/

    SvarSlett
  3. De ljusa skalen mot det mörka gruset är verkligen vackert.

    SvarSlett
  4. Nice. When I was at sea, always like to collect shells.

    SvarSlett