onsdag 25. september 2013

I vindauget



Eg ser ut vindauget
med lengt i blikket
Fyljer fugledansen på himmelen

Dei svevar så fritt, dei svevar
så høgt
Ein leik over enga – i motvind

I vindauget ser du to triste auge
Dei stirrar som ville dei fly,
lengtar mot fridom i vinden

Det er mine auge du ser,
mi kroppslege lengt
etter andelaus flukt

Det er eg som står der,
Ein usynleg skugge
Ein som ingen kan seie er til

Medan fuglane flyg der ute,
leikar i vinden, flyt gjennom dagen
Mitt håp snur snart om til hat

For ingen kjem, ingen bankar –
Mi dør står ulåst, opna på klem,
I gongen eitt einsleg par sko

5 kommentarer:

  1. Dette var så motlaust! Er det ikkje håp om å kome seg ut "på vingane" snart?

    SvarSlett
  2. Eg svevar ikkje akkurat sjølv heller.. sjølv om eg skal ut å fyke i morgon..
    Godt å feste blikket på!

    SvarSlett
  3. Jeg fascineres også av fugler som leker i vinden. Men jeg blir som dem og lar meg føre av sted i vinden sammen med dem.

    SvarSlett
  4. Slobodná čajka pod krásnou modrou oblohou :-)
    Free seagull under a beautiful blue sky :-)

    Ahoj z Bratislavy!

    SvarSlett
  5. Det som er motlaust, kan vendast til glede... Del to/"Den gode tvillingen"-diktet er no posta. Og plutseleg var det ikkje så einsamt lenger!

    SvarSlett