torsdag 26. september 2013

I vindauget #2



Eg ser deg i vindauget
Lengten i blikket
fyljer fugledansen på himmelen

Dei svevar fritt, dei svevar høgt
Som eg, som du
Ein leik over enga – i medvind

I vindauget ser eg to glade auge
Dei stirrar som ville dei fly,
flyte på fridom i vinden

Det er dine auge eg ser,
din kroppslege lengt
på andelaus flukt

Det er du som står der,
Ein heilt synleg skugge i glaset,
eg ser deg, eg veit du er min

Medan fuglane flyg her ute,
leikar i vinden, flyt gjennom dagen
Vårt håp, vår kjærleik, vår lengt

For eg kjem, eg bankar –
Døra står ulåst, opna på klem,
Eg set mine sko tett attmed dine

4 kommentarer:

  1. Hei,

    Lurer på om Foreningen "Vi som har et barn for lite" kan få låne noen bilder og dikt til det neste medlemsbladet?
    Fint om du kan ta kontakt på epost foreningen@etbarnforlite.no

    SvarSlett
  2. Så godt å lese dette etter det andre du skreiv! Vakre dikt båe, dei seier så mykje!

    SvarSlett
  3. hei! ja jeg tolker også via trua mi desse orda om høsten og våren..
    du skriv så vakker! Marit

    SvarSlett
  4. I sterk kontrast til ditt forrige dikt... jeg leser og reflekterer, lenge! og jeg liker følelsene og tankene som settes i sving, selv de som ikke føles så gode :-) Takk kjære du som deler så raust :-)

    SvarSlett