fredag 27. september 2013

Eit hjarte som mitt



kjenslene bur under huda
som eit ekstra lag
ei skotsikker drakt, usynleg
for dei fleste,
men alltid med

kjenslene bur i hjarta
i tårer, i hud, i orda
som svevar mildt gjennom natta,
kryp frå leppene dine
til øyrene mine

kjenslene bur i dei taggete steinane
som vert kasta
mot alt som er feil
alt som vi dømer og tenkjer
er annleis enn oss

kjenslene bur i verda
vi vassar dei, drikk dei, kvar dag
pustar dei inn, pustar dei ut
let dei byggje bo
i hjarte som mitt
i hjarte som ditt

1 kommentar:

  1. Nydelig, både bilde og ord.
    Har vært her tidligere, men ikke alltid flink til å legge igjen noen ord.
    Så her er et lite spor med ønske om en velsigna god høst.
    Må glede og styrke bli deg rikelig til del.

    SvarSlett