tirsdag 10. september 2013

Ein stad imellom



eg er ein stad imellom –
midt mellom glede
mellom sakn
ein stad på skalaen, der
står eg
begge beina trygt planta i bakken

eit usynleg smil om munnen
tårene renn på innsida av kinnet

eg grip ei fjør frå bakken
lyftar den forsiktig oppover
høgt over hovudet –

kan eg fly – igjen?


1 kommentar:

  1. Nydelige ord - om tårene som renn på innsida av kinnet -

    SvarSlett