mandag 30. september 2013

Ein draum på vegen



Eg går sakte langs utrakka stiar,
steg for nølande steg
på veg mot det ukjente

Kjenner hjartet stritte imot,
kjenner viljen må pressast til grensa

Eg lengtar alt etter det kjente,
det vante, det trygge

Berre i draumen ruslar eg roleg,
uredd, som ein som har kontroll

Kan møte det ukjente med stålnervar
og eit skeivt smil om munnen

Berre i draumen klarar eg vere
slik eg tenkjer om meg sjølv

Sakte opnar landskapet seg, steg for steg,
medan mine vaklande føter
og trygge draumar
tek meg vidare innover

Her er ingen utvegar
Ingen naudutgangar
Eg må gå vegen heilt til endes
og har berre draumen å støtte meg til

1 kommentar:

  1. Nydelig.
    Trur vi alle kan kjenne oss igjen i den følelsen.

    SvarSlett