torsdag 22. august 2013

Tik tok



Tik tok
Eg diktar mi verd
- Kven veit koss den eigentleg er?
Med bilar som flyr – det passar meg best
Og maten min lagar seg sjølv
- Tenk så fint – ja, det vil eg ha!

Slik kan eg fabulere, lulle meg inn
i draumar og spindel
frå tankar som vandrar av garde,
Tek seg kroppar, tek form, let seg forme
av støvet til noko som finst
I alle fall inni mitt hovud
Der urverdsklokkene tikkar – tik tok
Mot natta, der ute,
Her inne er alle lys på…

Eg ser ikkje mørket som kapslar meg inn,
Mumifiserer alt rundt mitt indre
Tik tok – mitt hjarte vil aldri gje slepp
Før siste lyset vert slukt –

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar