onsdag 21. august 2013

La oss sveve



La oss sveve høgt, høgt
Mot den blåblå himmelen
Høgt der oppe
Over molda, over døden
I tynnare, tynnare luft
Som reinsar, tørkar tårene
Stryk vekk restar av moldflekkar,
Rust, rusk og rask som har festa seg fast
I vår tanke, vårt håp, vår tru og vår glede
Som hinder for fridom, ja, fridom frå redsla
For livet
La oss sveve og gløyme det alt
For ei stund –

Kanskje finst det ein fridom å finne
Kanskje finst det ein stad vi finn fred

1 kommentar:

  1. Eg er litt pysete ang.sveving trur eg..
    Men både bilete og diktet er talande.

    SvarSlett