lørdag 10. august 2013

Eit litt langt dikt om søvn og kjærleik



Eg ber deg i armane mine,
med stødige, gyngande steg
over stovegolvet,
fram og attende,
mistar kontakten med eigne armar,
kjenner tyngda av deg
mot mage og bryst
- du er nysgjerrig, ser deg rundt
og eg syng og held deg
stødig, Ingen er så trygg
i fare
Den første song og Blåmann,
medan skuggane ute vert lengre
og forsvinn,
lysa vert tent i hus etter hus,
medan vi går her, i stilla, aleine,
som to dansande, klamrande til kvarandre
i frykt for å miste,
i vissa om å ha,
i ynskje om å alltid få vere – der

Eg kjenner hovudet sig ned mot skuldra mi,
du bøyer det til sida, endå veiftar du litt
med armar og bein – men berre litt,
og stega mine er kattesteg,
eg går så mjukt eg kan, og voggar deg stille,
medan kjenslene forsvinn frå fingrane
- om ikkje frå hjarta,
for eg kjenner eg elskar kvart stridande atom
i kroppen din,
stridande og tapande – for den tunge søvnen
som sakte spreier seg, som tåke, gjennom deg,
og det er som du vert litt tyngre –

Hovudet ditt mot skuldra mi,
hendene mine som held deg oppe,
og verda som ikkje kan gjere deg noko
så lenge eg held deg slik, voggar deg slik, syng for deg slik,
elskar deg slik
eg gjer

Med dei same voggande stega hentar eg smokken,
går forsiktig ned trappa til soverommet
og legg deg – sakte – til ro i den vesle senga,
ser at du glepp litt med auga,
men glir inn i søvnen att – så fredfullt,
så enkelt,
eg står og ser på pusten din, kor
magen hevar og senkar seg,
leppene lukka – og auga
finn roen og kroppen finn kvila
etter ein dag med så mykje utforsking, så mykje leik,
så mange kjærlege blikk, og nokre triste skrik,
tause bøner frå ordlause tankar, men mest,
ja aller mest, det kan vi sjå – på heile deg,
ei tillit som held deg fast i vår kjærleik,
held deg, som mine eigne armar nett gjorde,
og du er trygg, og du veit det

Sakte går eg opp trappa att, aleine,
kjenner blodet vende tilbake
til armar, hender, fingrar,
kjenner gleda bli verande – og kjærleiken
veit at du er eit menneske
som alltid, på ein måte eller ein annan,
vil infiltrere mitt liv – og eg vil elske deg

uansett kva

3 kommentarer:

  1. Å, så vakkert! Eg har akkurat gått med eit lite barnebarn på armen no, 3 mndr., og kjenner att situasjonen og kjenslene.

    SvarSlett
  2. Nydelige ord. Det er utrollig hvor glad en blir i disse små:)

    SvarSlett