Vi ligg her på golvet
og pratar saman – eg og du
Ser kvarandre inn i auga, smiler
og deler denne morgontimen
Ein som har levd ganske lenge,
sett verda snurre
sett tida gå
sett menneske komme og forsvinne
i tåka
Og ei som er ny i tida, uerfaren og
fersk,
ikkje sett så mykje endå
Endå…
Skal tru kva du tenkjer på, du
ordlause?
Skal tru kva du skal få sjå,
oppleve, erfare?
Skal tru kven du får møte på vegen,
kven du vil sakne, kven du vil møte
med opne armar
Endå er alle korta opne
Endå…
Livsreise!
SvarSlettGodt å ikkje vite kva gleder og sorger som vil kome. Ja, sjølv gledene er det godt er skjulte..
God Midtsommar!
Svimlende.....
SvarSlett