lørdag 1. juni 2013

Mirakel






Han gjorde vatn til vin
Og gjorde sjuke friske
og vekte opp døde, ja visst

Han gjekk på vatnet,
og stilla stormen, ja visst
Og tala så trea visna – i eitt nu

Det var store under, mirakel, ja visst
Og eg trur –

For eg ser det same, i dag, m-hm!
Dei store undera, mirakla
som faldar seg ut framfor auga;
Sår som gror, stormar som stilnar
(også i hjarta)
Og naturen vert vekt opp
frå dei døde
kvar einaste vår, ja visst!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar