mandag 24. juni 2013

Juniblomar



At blomar blømer
og gradene stig
medan sola varmar
mi snøkalde hud
og borna leikar
der katten dansar
på nyslege gras
og i grøfter med alle slag blomar,
for ferien ventar
på iskrem som smeltar
over klissete nevar
som nettopp har fletta ein krans
av juniblomar
og lagt den til pynt
rundt mitt hovud

er nokre av grunnane til
kvifor eg likar juni så godt!


(Også posta på Tina's Picstory: Juni blumen)

1 kommentar:

  1. Krásna petúnia. Sú to moje obľúbené kvety, ale tento rok ich nemám na mojom balkóne.

    Beautiful Petunia. They are my favorite flowers, but this year I have they not on my balcony.

    SvarSlett