onsdag 12. juni 2013

Ein dag som denne



Ein dag som denne,
der solblomar spirar frå hjartet

Ein dag som denne,
der skuggane kvelar hjartegloa

Ein dag som denne,
der likegyldige luftdrag dyttar mot huda

Ein dag som denne,
ja, ein heilt vanleg dag kunne det vere

Ein dag som denne,
var det eg møtte deg, første gong

Ein måndag, ein vanleg dag i august
Utan trompetfanfarar, eller konfetti og røyk

Ein vanleg dag, for milliardar av menneske,
Ja, ein heilt gjennomsnittleg dag –

Men ikkje for meg, ikkje for deg,
ikkje for – oss…

Solblomar visnar, skuggar vert lys,
likegyldige vindar vil komme og gå

Det er dagar som denne,
dagar som går – og vi har møtt dei saman

frå då av

2 kommentarer: