onsdag 8. mai 2013

Tre dikt om flagg og fridom





1
Eg plantar eit flagg
Midt i grøne skogen

Eit merke for min fridom
Eit merke som seier: pust, lev

Her kan eg bygge mitt hus
Her kan eg setje mi seng

Frivillig står eg opp, går på arbeid
Av eigen vilje tek eg på meg mine plikter

Eg går på blodstenka jord
Mine frie val har kosta andre dyrt

Med falda hender sender eg ei takkebøn
Og seier: Eg skal vise eg var verdt det

2
Utanfor terskelen står ei einsam mor
Tårer på eit barnekinn
Ein far med tome hender

Bakken rundt føtene er merka av blod
Drypande frå opne sår, i hjarta

Eg slår opp døra, seier: Kom inn under flagget
Det er eit romsleg flagg, med plass til endå fleire

Og ser, dess fleire tårer eg turkar og sår eg bind
Dess større vert flagget, og klarare i fargen

3
I atlaset mitt er flagget eitt av mange
Side ved side, nasjon ved nasjon

Det er mitt flagg, seier eg
Og peikar på det raude, kvite, blå

Og det er mitt, seier du
Og peikar på eitt anna

Eg møter blikket ditt, to auge, som mine
Er dette verkeleg alt som skil oss?

Vi ler
Og grev ei fellesgrav for alle våpen

1 kommentar: