søndag 26. mai 2013

Stille vatn



Det er stille vatn, stille dag
Skogen og fjellet og vatnet
er dekka av andektig ro

Vinden er roleg, har lagt seg til kvile
Dagen er kjølig og frisk
Fuglane syng sine tonar, det er alt

Eg sit ved eit stille vatn
Eg sit i ein stille skog
Kjenner hjarterytmen roar ned

Eg sit aleine, eg sit saman
med fuglar, insekt, fiskar
Vi er her, saman, deler dagen

Det er stille vatn, stille dag
Kroppen min er stille,
dreg inn den friske lufta – livet sjølv

Det er stille, og eg er nær
Så nær
Den eg er skapt til å vere

1 kommentar:

  1. Det er godt å vere der, nær seg sjølv. Flott skildra.
    Mvh Marie

    SvarSlett