mandag 6. mai 2013

Observatøren



Eg er ein observatør, ein som blar
i bøkene, lyttar til musikken
ser bileta flimre forbi på glasskjermen
i togvindauget;
Eit landskap av forvridde tre,
obskurt og fjernt, mørkare
enn dei mørkaste av draumar

Eg observerer, eg ser, eg er
ein reisande, på farta
gjennom dalar der orda står
staute som høgreist furu, stolte
og utakelege, eldgamle ord
Blikket mitt må vike

flytte seg til dei mjuke underskogane,
trea med opne armar
oppover, utover, mot meg
Vil omfamne meg, kviskre kjærlege ord
til vinterkroppen min

Men ferda går vidare –
Gjennom sletter, langs kystar
av obstruerte idear; aldri tilgjengeleg,
for djupet er for djupt
Kva er det då eg ser?
Kva er det som vaiar som sjøgras over marka?

Eg er ein observatør, reisande i ord
Ein boklesar, tretolkar, med fjeset klistra til ruta

(Posta på Tina's picstory: O)

1 kommentar: