onsdag 29. mai 2013

Metermeter



10 meter
Hald deg borte, ikkje nærare
Du framande, du merkelege
Du – så mørk og – skummel
Eg fryktar deg
Kjenner hjarta slå – du er ein brann

5 meter
Det er nasa di, og huda
Du ser så annleis ut
Og håret, ja, håret
Som natt og dag, du og eg
Framande bølgjer, framande linjer

2 meter
Er det smilet ditt? Eller fingrane?
Er det auga som liksom lyser, kvite
midt i alt det mørke?
Er det blikket ditt, som søker mitt?

1 meter
Smilerynkene dine krøllar seg
Om auga
Om munnen
Formar huda til eit landskap
Eg kjenner det att – eg har sett det før
I min eigen spegel

0,1 meter
Porene i huda di
Augevippene
Augebryna
Dei små blodårene som bankar
på innsida av handledda dine
Fingeravtrykket
Iris

Vi er så like, eg og du
Eg ser ikkje lenger forskjell

0 meter
Eg kan dele sjela mi med deg
Opne opp, løfte ut, smelte saman
La deg vere ein del av meg sjølv
Ein ven, ein eg elskar
Ein som er med meg, ein tanke
Eit sakn
I kvar fiber, i kvar sene

Eg kan elske deg
Du framande

6 kommentarer:

  1. Spennande refleksjonar!

    Eg likar som dei seier på Face ;-)

    SvarSlett
  2. Har du gitt ut dikta dine - eller vurdert å gi dei ut? Eg likar det du skriv så godt, og gler meg kvar dag til å lese dikta dine. Få dei publisert!

    SvarSlett
  3. Jeg signerer det som blir sagt overfor her....jeg håper du gir ut bok! Nydelig skrevet - jeg måtte lese dette 3 ganger for å virkelig tenke gjennom og "få grepet" på det :) Du skriver alledeles flott og levende og får meg til å kjenne etter og tenke. Takk for ditt fine spor som du la igjen hos meg for en stund siden, med link til et annet dikt...det satt jeg stor pris på. Ønsker deg en fin helg :)

    SvarSlett
  4. Takk for fine kommentarar. Det varmar!

    SvarSlett
  5. Ahoj,
    tvoje básne sú určite veľmi pekné, ale ja ich čítam iba za pomoci google translatoru. Posielam ti toto:

    Hei,
    Dine dikt er sikkert veldig hyggelig, men jeg leser dem bare med hjelp av Google Translator. Sende deg dette:

    http://nakrasnommodromdunaji.wordpress.com/2013/06/05/v-jednom-z-dvorov-michalskej-ulice/

    SvarSlett