fredag 17. mai 2013

Løvemot



Det veks løvetann langs vegen eg går
Gule rebellar, heltar av stål
Grenselaust glade,
grenselaust modige,
ja, grenselause i all si prakt,
smiler mot sola, mot regnet,
seier: Dette går bra, ikkje fortvil!
Ingen er optimistar som løvetanna

Kanskje det er difor
dei kjem fram
nett kor dei vil?

2 kommentarer:

  1. Så sant! Der er nok difor ja.. Alt vi har å lære sjølv av det som er rundt oss.

    God Pinse!

    SvarSlett
  2. Nydelege, egentlig. Men eg vil helst ikkje ha dei i plena mi, der dei trivst svært godt! Ønskjer deg fine maidagar framover!

    SvarSlett