lørdag 11. mai 2013

Landsby



Eg var ein aktiv lesar
alt då eg var liten
Eg har lese min del
av teikneseriar,
også om Asterix, den sterke helten

Album etter album vart slukt,
og fryden like stor kvar gong
det gjekk godt til sist
og dei kunne feire sigeren med fest
heime i landsbyen
(med trubaduren godt knebla i treet)

Frå somme vinklar
minner barndomsbygda mi
om ein slik liten landsby
Godt gøymt mellom tre og buskar,
som eit utskilt lite fellesskap
(men trubaduren får gå fritt omkring)

I hovudet mitt er det fortsatt slik,
å kome rundt siste svingen i fjorden –
Sjå landsbyen liggje der framme
og vite, der er ei boble
eg kan leve i nokre dagar,
men ikkje for lenge…
Då vil bobla sprekke
og landsbyen minne for mykje om verda elles

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar