søndag 12. mai 2013

Freisting



Ingen veit kva type frukt det var
dei åt
som drog menneskeslekta ut i elendet,
men eg forstår freistinga,
for ingenting ser så godt ut
som det som heng på andre sida
av gjerdet, eller lommeboka,
det som er utilgjengeleg
på lovleg vis…

Men eg har vore der
på andre sida av gjerdet
med andre sine eple i mine lommar
Dei smaka surt, med dårleg samvit
som bitter ettersmak
Og redsle for å bli avslørt
som den tjuven ein er
- ein klump i magen
og sjølvforakta som snirklar seg
gjennom kroppen
som ei sakteverkande gift

Eg reknar med at dei første menneska også angra
og tenkte, medan dei slikka såra:
Eg som har så mykje godt,
lovleg…
Då – Kvifor?

(Måndagstema hos Alt som er vakkert: Freisting)

4 kommentarer:

  1. Ja minsann - såååå frestande :)

    http://fotochip.wordpress.com/2013/05/13/wild-white/

    SvarSlett
  2. Fristende, husker da vi var på æblerov som børn ;-)

    http://2.104.134.159/wordpress/2013/05/13/mandagstema-84/

    SvarSlett
  3. Fristende fat, og fin vinkling på temaet.

    SvarSlett
  4. det där ser härligt ut det är inte bara sött som frestar.
    Ha en fin vecka
    önskar Meta

    SvarSlett