onsdag 22. mai 2013

Eg ser på det nyfødde livet



Eg ser på det nyfødde livet
Dei små, dei skjøre, dei vakre
som dansar på vegen mot sommar

Dei som endå ikkje veit forskjell
på ven og uven, men spring imot
med naive, håpefulle steg

Dei som endå ikkje har vakt ei sommarnatt
med lummer varme, fuktig vind og tore
frå rullande svarte skyer

Eg ser på dei som endå kan gle seg over livet
Utan tanke på morgondagen, eller neste år
Dei som fortsatt har tru på det gode

Eg ser på det nyfødde livet
Og takkar for endå ei påminning, endå eit hint;
Senk skuldrene! Dans gjennom dagen!

2 kommentarer:

  1. Nydelig bilde, fint eksempel om livsglede. Eller som det står i en gammel bok: Se til fuglene, de sørger ikke....
    Naturen er en gave, om en betrakter den, finner en livsvisdom.

    SvarSlett