tirsdag 28. mai 2013

Dette er ei dør



Dette er ei dør inn til ei hemmeleg verd
Tør du opne?

Det er kodar, det er kviskring
Det er skjulte skattar
og hendingar som overgår din fantasi
Vågar du å sjå?

Dette arket er eit handtak,
du må gjerne trykkje ned
vri om
opne
og gå inn

Du er invitert,
det står på matta framfor døra;
ver velkommen og stig på
lat deg føre inn
i dette hemmelege, skjulte landskap!
Viss du vågar –

Dette er ei dør, ja, dette er ei eiga verd
Høyr kor blada lokkar
Kjenn kor hardt dei dreg;
Viss du vågar å gå inn
Kan alt bli ditt…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar