tirsdag 21. mai 2013

Dåp

Søndag, på sjølvaste pinsedagen, vart minstejenta døypt. Det var ein fin dag, med strålande sommarvarme, og vi samla slekt og vener for å feire den nye fødselen!



Du ser ikkje vinden
Guds heilage flamme – over ditt hjarta
Du kjenner ikkje handa
som varsamt lyfter deg opp,
held deg stødig og varm
Under det evige auget

Du kjenner vatnet som sildrar i håret
Du kjenner varmen frå hender
som ber deg og held deg
heilt fram til trona

der det nye livet vert gitt
ved Guds eigen ande,
den elden du ikkje kan sjå

men som flammar i deg
frå i dag og til endes
på vegen som ligg der open – for deg

2 kommentarer:

  1. Nydeleg!!
    Gratulere!
    Om 1 og 1/2 veke skal yngstemann Konfirmerast.
    Ein milepæl det også.

    SvarSlett
  2. Vakkert formidla dette heilage.

    Gratulerer.
    Mvh Marie/MT

    SvarSlett