søndag 7. april 2013

Vårkjensla



Den beste kjensla av dei alle
den som seier
til hjartet
at no er det vår
No! Kan alle ting skje!
er kjensla
av nye joggesko,
på bein som har vore nedtyngt
av tunge vinterstøvlar og
vinterdressar og snø og sørpe

No kan dei springe
som trommestikker 
over nyopenberra asfalt,
langs iskantar og smeltevatn
over spirande gras
gjennom vårfrisk luft --

Ingenting gir vår
som det!


(Mitt (av naturlege årsakar litt forsinka) bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert: Vårteikn)

3 kommentarer:

  1. Ja, og no vil vi ha våren snart! Snøbyger kvar dag enno - lang ventetid tykjer eg! Og når vesle barnebarnet skal vere med ut, er det framleis huver, vottar, skjerf og kjeledress!

    SvarSlett
  2. Herleg vårdikt!!
    Kom snø i går og sol i dag..
    Det er April ;-)

    SvarSlett
  3. Herlig med vårben i lette sko!

    SvarSlett