lørdag 6. april 2013

Til S [1]



Kva tenkjer du på,
der du ligg og drøymer?
Fersk i verda,
berre timesferske tankar å fordøye --
Lengtar du tilbake
til det tette, djupe og trygge
mørket, der du,
trass den stadig minkande plassen,
hadde fridomen til å vere berre deg sjølv?

No må du vere noko meir
Fridomen er borte,
det er ikkje lenger så greitt med alt;
Mat, luft, varme
og alle krava frå dei andre, dei rundt deg:
Et! Sov! Sjå hit! Ligg her!
Dagen er blitt lys og mørk, uforutsigbar

Er det dette du drøymer om?
 - eller er du fortsatt ubekymra, svevande
på dine eigne draumeskyer, byggjer du
luftslott og fantasiar,
set saman alt du opplever til bilete
og kunstverk i ditt eige indre galleri?

Du er ei lukka bok for meg
Eg opnar boka, det første bladet
Startar å lese

Endå er det langt att før eg veit
kva boka handlar om

5 kommentarer:

  1. Så vakker, så vakkert.

    Gratulerer.

    Mvh Marie

    SvarSlett
  2. Fantastisk!!
    Gratulere SÅ mykje!

    Og nydelig tankevekkande dikt!

    Lukke til med å "lese boka"!!

    SvarSlett
  3. Takk! Utruleg stort å få sjå eit nytt liv komme til verda endå ein gong, og leve oppi alt det fører med seg av gleder og arbeid. No går kvardagen i bleieskift, vasking av gulp, sjå på baby som søv, aktivisere storesøskena +++ Og sjølvsagt litt diktskriving!

    SvarSlett
  4. Gratulerer med et vakkert,nytt barn. Jeg blir alltid rørt og glad når barn ønskes velkommen...

    SvarSlett
  5. Eit vakkert dikt til den nye i verda! For ei lykke! Eg fekk eit lite barnebarn 8.mars, i dag var termin for eit anna barnebarn,som ikkje har det travelt med å kome, og ei dotter er 3 mndr på veg. Eg gler meg stort over all denne lykka. Gratulerer så mykje!

    SvarSlett