onsdag 17. april 2013

Stjerneregn



Gullskyer kjem drivande innover fjorden
Snart regnar det stjernelys
Eg spring sikksakk mellom strålane,
plaskar med lengtande føter
i gullpyttar, stjernepyttar,
bli-og-ver-deg-sjølv-pyttar,

strålar som slår mot bakken,
teiknar eit bilete av framtid
i grusen, der eg sparka fotball
og slo hol på kneet då eg var liten

no spring eg, med opne hender
mellom stjernelysdråpane

prøvar alt eg kan å sleppe unna,
samtidig som eg håpar,
eit stille, stille håp,
at dei likevel skal treffe --

1 kommentar:

  1. Fantastiske ord, om å ville/ ikke ville på samme tid, slik leser jeg dette.

    SvarSlett