torsdag 11. april 2013

Siger



Igjen ser vi kampen utspele seg
like under fotsolane våre

Med uana krefter, planta
i frøa, bryt spirene gjennom døden
sitt tunge teppe
Sprengjer seg veg gjennom lag på lag
av det som var før,
det som no er borte, visna
og trakka ned

Lenge har dei lege og venta, kjent
frosten sitt jerngrep,
døden
som med iherdig iver har undertvinga
kvart minste teikn
til livskraft og vilje til endring

Det går som det plar gå
i dei fleste kampar mellom godt og vondt;
Det gode vinn – til slutt
av den enkle grunn: At livet
ikkje kan undertvingast
Døden skaper død, men
så lenge der er den minste kime,
det minste, mikroskopiske teikn til liv,
må døden gje slepp

til slutt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar