lørdag 20. april 2013

Rettferd



Det einaste rettferdige ville vore
å demontere trea
med same langsiktige, forsiktige
og ømme omsorg som naturen viste
i prosessen med å bygge;
Vise at vi veit – at vi er ein del av det same

Det einaste rettferdige ville vore
å rive av blomestilkane
like sakte, like skjørt
som dei ein gong reiste seg frå molda,
strekte seg mot lyset;
Returen burde vore like vakker

Det einaste rettferdige ville vore
å kutte alle strå
som drypande vatn, tålmodig,
medan vi smiler mot sola og held ømt om aksa
let dei falle til jorda så mjukt, så mjukt;
Vår audmjuke takk – oss levande imellom

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar