mandag 22. april 2013

Nedanfrå



I mi tause verd
strekk eg meg etter orda
si kjelde, huset der orda vert til
Høgt over livet,
høgt over det stumme graset
eg trør
og dei ordlause gatene,
meter etter meter med asfalt
som ikkje seier meg noko,
vert orda fødde, dei store, dei små
dei skjøre som knuser som glas
om eg riv dei ned

Lengtande ser eg etter orda,
ventar på at dei skal komme til meg
på fjørlette vengjer og lande
ein stad eg kan nå dei

Sakte må eg nærme meg, nedanfrå,
audmjukt, som var dei ein fugl
klar til å lette, klar til å fly
ved den minste forskyving av luft


(Mitt bidrag til Tina's picstory: von unten)

1 kommentar: