torsdag 25. april 2013

Liksom ironi



Dette biletet tok eg til ei skuleoppgåve
for over ti år sidan,
eg trur det var i 2002,
og oppgåva var: “Eit bilete frå nærmiljøet ditt”
og eg gjekk ut, knipsa, leverte inn,
og det var det
og det verkeleg ironiske i det heile
er at skogen eg tok biletet i
ikkje lenger eksisterer
Der står det i dag eit kjøpesenter
og skulen eg gjekk på finst heller ikkje
Lagt ned på grunn av innstrammingar
og nedskjeringar og manglande
politisk vilje til å finansiere slike pengesluk

Eg brukar heller ikkje fotoapparatet
lenger, det ligg i ei skuffe og støvar ned,
medan meir moderne og fancy
digitalkamera har teke over jobben

Det einaste som er att av det heile,
viss vi då ser bort frå meg sjølv,
som vel er same person
om enn noko vaksnare
og annleis enn den gongen,
er dette biletet
og det er temmeleg ironisk
med tanke på kor flyktig eit
fotografi er
og kor lite påliteleg innhaldet er
og kor lett det er
å øydeleggje, rive i to og gløyme

Likevel
Somme tider er eit bilete alt som er att

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Tusen takk for kommentar på bloggen min...vakkert inne hos deg og ærlig! Det liker jeg! Skriver du alle diktene selv? Marit

    SvarSlett
  2. Takk! Ja, alle dikta og bileta er mine eigne.

    SvarSlett