mandag 15. april 2013

Frå det eine...



I det brøytekantane krympar saman,
renn vekk under vårsol
og varmen som endeleg kryp fram
frå vinterdvalen,
og snøen (endeleg!) har gitt opp kampen
og huene er pakka vekk, vottane
lagt til ro
og sommarjakka funne tilbake
til sommarresidensen,

og fuglebrettet er teke ned,
benken sett på plass framfor huset,
grusen er kosta vekk frå asfalten,
og vårskoa spring lett, fleire centimeter over
bakken

I det vinterkulda omsider har slept taket
og ny solkrem står og dirrar av forventning
i kjøleskapet,
er det berre ein ting i tankane mine,
trass alt:
IS!


(Måndagstema hos Alt som er vakkert: kaloriar)

6 kommentarer:

  1. Äntligen börjar det bli lite varmare ute så man köpa glass och äta i solen...
    Vårkram Kakan

    SvarSlett
  2. Ja med det vejr vi har idag vil det gøre godt med en is ;-)

    SvarSlett
  3. Flott dikt, is er det beste jeg vet...så jeg later nå som jeg ikke har sett dette bildet ;0)

    SvarSlett
  4. Takk! Og ja, eg trur vi er mange som gler oss til det blir varmt, og at vi kan kjøpe pinneis utan at nokon hevar eit einaste augebryn...

    SvarSlett
  5. Her tok du våren på kornet!

    SvarSlett