onsdag 13. mars 2013

Til JG



Du var ein av dei som braut meg ned,
sette usynlege, varige spor
i ein ung hjerne, på dreieskiva

Eg frykta deg, unngjekk deg
Håpa du var vekkreist, sjuk
Ein heilt annan stad enn der eg var

Hjartebanken, redselen,
auga mine som søkte over skuleplassen
og kor eg pusta letta ut
når du ikkje var å sjå

No har vi skifta kalender mange gongar
Vi er vaksne, begge to

Eg har høyrt rykte om deg,
heilt sidan du slutta på skulen
og flytta vekk
Rykte om rus, og eit annleis liv
enn det eg sjølv har etablert

I dag høyrde eg at du er død --

For eiga hand
I ei gate i Oslo

og eg er berre trist,
for eg tilgav deg for mange år sidan,
alt då eg høyrde kor du sleit
og eg forstod
at alt var omvendt av det eg trudde

Så rart kan det altså bli;
Den svake reiser seg
Den sterke går til grunne
i si eiga avmakt

og ingen gir applaus
til korkje deg eller meg

5 kommentarer:

  1. Eit utruleg vakkert dikt, til ettertanke. Tusen takk!

    SvarSlett
  2. Tankevekkande. Fint og vàrt formidla.
    Mvh marie /MT

    SvarSlett
  3. Så fint at de likar diktet! Det kosta litt å publisere det, for det er så personleg og handlar om tvers gjennom triste hendingar. Både det som skjedde den gong då, og som eg har tilgitt for lenge sidan, og det at eit menneskeliv kan ende på denne måten. Det er så meiningslaust.

    Så lite vi veit om korleis livet vil bli.

    SvarSlett
  4. Å! Eig eigentleg ikkje ord..
    Men takk at du deler!

    SvarSlett