søndag 31. mars 2013

Teikne ein siger



Ja, du kan gjerne prøve å teikne
ei romantisk teikning, med blomar
og strålar og ei opa grav som er tom
Dette er ein sigersdag, og ei teikning verdt!

Men, skal du gjere det riktig,
og tenkjer deg litt om,
er det ikkje sikkert at teikninga passar:
For kva hadde du tenkt
hadde du stått ved grava og sett
ein dauding, eit lik, opne auga og stå opp?

Eg veit – eg ville blitt livredd,
og er i grunn glad eg ikkje var der;
Eg hadde døydd sjølv, av skrekk --

I staden sit eg her ved bordet mitt
snart to tusen år seinare
og teiknar ei romantisk teikning,
med blomar og alt som høyrer med…

og er fornøgd med det!

Medan eg kjenner gleda boble
gjennom kroppen, stige opp
frå ein stad djupt inne, nedst nede
i dei mest avgøymde krokane i meg
og oppover – til overflata;

kjenner gleda boble som kolsyre
mot auge og øyre, hender og føter

kjenner eg må…

Skrive eit dikt(!)
fordi eg er så jublande glad:

Han er oppstanden, ja sanneleg:
Jesus lever!

God påske!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar