mandag 25. mars 2013

Soleie



Den har sitt namn frå sola, 
og strekk seg stilt og audmjukt,
med håpefullt blikk og ei bøn om nåde; 
endå nokre strålar med lys
som kan stråle rundt kronblad og stengel 
og gjere den skuggefulle skogen lys
og glad å leve i 
endå ein gong

Ein ny dag, ein ny start,
og soleia veit kven 
den må vende seg til
og bøye seg for…



(Mitt bidrag til måndagstema hos Alt som er vakkert)

2 kommentarer:

  1. Nydelig, trenger slike påminnelser, midt i sneen.
    Ha en god mandag.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2013/03/25/mandagsgult/

    SvarSlett