lørdag 23. mars 2013

Skræmesyn



I går såg eg eit skræmande syn:

Eg stod utpå bakken,
skulle slå ein påle i jorda;
ein gjerdestolpe, plassert i eit spetthol
og sleggja i stille bane
over hovudet mitt
før det dumpe smellet mot pålen
som glei endå nokre centimeter ned

Då med eitt, på det fjerde slaget,
høyrde eg ein lyd
mykje djupare og annleis
enn sleggje mot tre:
Eg såg bakken under pålen
byrja sprekke opp, til begge sider

og sprekken strekte seg lenger og lenger
og rørsla akselererte
Til slutt stod eg att på det vesle jordet
og såg verda rivne i to
og kollapse
som ein ballong under ei nål
eller eit pølseskinn som vert vrengt av

før dei krympa restane
av det som hadde vore jorda
gav etter for sterkare krefter
og større objekt i kosmos;
Dei fall som ein viljelaus komet
og vart slukt - utan ein lyd
av ei brennande sol

Det var eit skræmande syn!

Heldigvis såg eg det før
eg køyrde pålen i jorda,
og fekk stoppa det heile – i tide

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar