søndag 10. mars 2013

Plante eit ord



Forsiktig plantar eg ordet i jorda,
med varsame hender klappar eg molda
over ordet, så det er dekka
og klar til å spire
viss forholda er gunstige
- det er min jobb
Så eg hentar vasskanna og vatnar,
og vaktar den vesle jordflekken
kvar dag som går – vatnar og ventar

og lukar bort ugrasorda,
for i denne unge molda
skal berre det gode ordfrøet gro

har eg tenkt

2 kommentarer:

  1. Vakkert! Sånn tenker jeg også- om mine små. Det er gode ord, som skal sås der hos dem..og vannes og spire...Nydelig skrevet. Ønsker deg en god uke :)

    SvarSlett