tirsdag 26. mars 2013

Ordne huset

Eit dikt frå ein pappa i ventemodus...



Vi ordnar huset
som vi seier
Gjer det klart – til å ta imot
Det er det som er målet,
at huset skal stå her, ferdig ordna
og ta imot --
vere ei trygg hamn, opne armar
som seier: Velkommen, du vesle!
Velkommen til dette huset, til oss

Vi ordnar huset, for snart kjem ho vesle
nye, ho som vi har venta på – i månadsvis
Ho som vi vil skal føle seg heime

2 kommentarer: