torsdag 7. mars 2013

Mors kjærleik

I morgon er det kvinnedagen, så i dag vil eg slå eit slag for den sterkaste forma for menneskeleg kjærleik som finst; Morskjærleiken. Samtidig veit eg, med blødande hjarte, at mange born rundt i verda går glipp av, i større eller mindre grad, denne kjærleiken. Min parole på kvinnedagen ville vore: "Ei god mor til alle barn!"




Mors kjærleik
brenn som ein eld
ein skjerebrennar av varme
og omtanke og tryggleik;
skjer sine tause ord inn i hjarta
og tankar og sinn
til varmen smeltar saman
med eins eige hjarte
og blir ein del av ein sjølv

Mors kjærleik,
ei usvikeleg hamn for tårer
og redsle og einsemd
Mors kjærleik tek imot
og omformar smerten
til ein skulpturpark av minner

der vi seinare kan gå og kikke
og sjå på alt som minner,
ikkje som smerte

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar