lørdag 2. mars 2013

Kulde [2]



Små diamantar, ein skatt
for dei som bøyer seg djupt nok
og ser nøye nok
og trør forsiktig nok
over den stivna plenen;
Det glitrar i millionar av juvelar

Det er dette som er verdifullt,
kviskrar frosten mot mine raude kinn
og let etter seg ei sitring

ei visse frå djupet
av det menneskelege hjarte
om at dette – verdifulle
ikkje kan eigast, berre studerast frå utsida
og verdsetjast for det er,
ikkje det det (ikkje) kan seljast for

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar