fredag 1. mars 2013

Kulde [1]



Som stålpiggar, kveste og klare
stikk skaren opp
ei spikermatte av kulde og frost
Alltid på hogget, som ein stilisert hær
av stivna molekyl på geledd

Det knasar under skoen min når eg går,
og eg tenkjer på det tålmodige arbeidet
utført av nattefrosten;
alle aktørane utplasserte på post,
klargjort for sitt eige militære skodespel

og så fell alt til støv
når eg trampar over bakken

1 kommentar: