søndag 3. mars 2013

Klokka er 7



Eg vaknar av ei stille kviskring,
eg må på do
og då veit eg, det er ingen veg tilbake
valet er allereie teke, av ei anna

No sit treåringen på do og ser i bok,
eg står og sjanglar ved vasken,
prøvar å vaske meg, prøvar å barbere meg

Spegelbiletet er litt uroleg,
det verker i kroppen, hovudet er tungt

men treåringen er glad,
og snakkar i veg om alt ho ser i boka
og eg smiler og prøver å henge med
i samtalen

Klokka er 7
Det er søndag

1 kommentar:

  1. Ha ha, denne var veldig gjenkjennelig! Hadde det akkurat på samme måten i dag, bare at klokka var 0630 :)

    Slutter aldri å forundre meg over at i ukedagene må jeg gjerne vekke henne kl 0730, mens lørdag og søndag begynner allerede 0600-0630...

    SvarSlett