mandag 11. februar 2013

Viss eg var eit menneske



Viss eg var eit menneske
som deg
og gjekk over vegen og sov
inni huset og køyrde i bilen
til jobben kvar dag,
ville eg gjort dei fleste ting
heilt annleis enn det eg får med meg
her oppe frå høgdene
i luftige svev over byen

Eg ville helse god dag
til alle som lever og bur
i dei andre husa, og vinka og dansa
i møte med flotte
utrulege folk som dukkar opp
rundt kvart einaste hjørne
i kvar einaste gate
Eg ville vore takknemlig
og delt varme smil
viss eg var eit menneske
som deg

1 kommentar: