onsdag 6. februar 2013

Triste...



Du skriv så triste dikt!
sa ein av mine gode vener
til meg, her ein kveld
Vi prata om laust og fast,
og aller mest om laust
som vanleg

Du skriv så triste dikt,
og eg forstår ikkje
kvifor?
Du er då ein tøysekopp
og fjaseklovn og seier så mykje
hinsides all fornuft,
så kvifor speglar ikkje dikta
deg?

Fordi av og til, svara eg,
av og til er det godt å la maskene falle
og berre vere totalt ærleg
med korleis eg har det
og kva eg tenkjer på
og kva som rører seg i hjarta mitt

For visst er eg glad, og visst kan eg tulle
og visst likar eg vitsar og moro
og leik og spel
Men eg har fleire lag, min venn

I det eg seier det, ser eg ei tåre
i augekroken hans,
og det byrjar å strøyme ut ærlege ord
om sorg og frykt og lengsel

Så sat vi der, og var triste i lag
og delte litt av det som til vanleg er skjult

Kanskje det er ei (magisk?) evne eg har,
tenkte eg då,
å gjere folk triste…

4 kommentarer:

  1. Du gjer ikkje folk triste (trur eg)
    Men du rører ofte på dei indre strengane vi har inni i oss. Takk!! :-)

    SvarSlett
  2. Synes det er så fint jeg, at vi er skapt til å være litt både-og..og at livet har flere "lag"..det er liksom alltid begge deler og mange nyanser i det meste synes jeg.. og jeg tror vi behøver det litt triste også, for å oppleve gleden..og så motsatt også.Livet er igrunn ganske mye motsetninger og vekslinger mellom sinnstemninger..godt-vondt, sorg-glede osv.jeg synes ikke diktene dine er triste, men heller at de berører et eller annet..og det liker jeg!:)

    SvarSlett
  3. Kanskje det er heller slik at du har evna til at folk tør kjenne etter og opne seg...

    Du skriv flott!
    mvh Marie/MT

    SvarSlett
  4. Jeg er helt enig med de som har skrevet her. Vemod - tanker under overflaten - det er godt når de kommer opp.

    SvarSlett