torsdag 28. februar 2013

Termometertur



Min urolege kropp
og mitt bankande, nervøse hjarte
er rastlause i møte med
dagen
og natta
og morgon og kveld,
nesten alltid er det noko:
noko å kvi seg til,
noko å frykte, noko å lengte
seg vekk frå
noko å håpe at aldri vil skje

Min urolege kropp,
som herja av feber,
treng ein termometertur
gjennom vinterstille skog
Langs stiar som teier
same kva eg seier;
Mellom tre som kviskrar: “Slapp av!”
same kva eg seier;
Over steinar som smiler og blunkar til meg
og gjespar, svært synleg,
same kva eg seier;

Skogen har høyrt alt før,
og gir meg diagnosen og medisinen
med eitt og det same;
For uro: Ein tur i skogen!
For rastløyse: Ein tur i skogen!
For alt anna: Ein tur … i skogen!

Når eg kjem heim att
er hjarta mitt roleg,
og kroppen har funne sin ro
trass alle verkande musklar
og utslitne øyrer, av all stilla

1 kommentar:

  1. Ja, dette er den beste medisin. I skogen,på fjellet og ved sjøen kan en legge av seg "børa. Tenk om en kunne bære med seg medisinen hjem!

    SvarSlett