torsdag 7. februar 2013

Som før



Når eg ser i gamle album
med gulna, falma bilete
av tider som ikkje lenger finst,
får eg ei kjensle av noko fjørlett

Noko som stryk meg forsiktig over huda
som ei stille kviskring i skogen
eller mumling frå ei kveldsbøn
under tunge vinterdyner

Noko grip fatt i meg, dreg meg til seg
og inn i seg, som eit dragsug etter vinden
eller som ei bølgje
som dyttar meg inn på ei ukjent strand

Eg ser på husa, fjøsa, kulturmarkene
og menneska
med alvorlege fjes, nesten sørgmodige

Born som står rake,
born som stirrar roleg mot kamera,
og det er rett før, sekundet før
dei trekk på smilebanda
og spring ut i leiken att

Og det er rett før dei alvorlege vaksne
med dei slitne fjesa
fortel ein vits – eller kanskje like etter,
og at dei har samla seg inn i siste liten

Rett før, og like etter
noko anna, noko som var kjekt
og som dei syntes om
men som aldri kunne komme med
på biletet

Eg reknar med det var slik då,
for det er slik no,
inst inne er menneska som før

og
dei som ser i mine album
om hundre år
vil aldri kunne fange inn essensen
av det som var

berre overflata av alle ting

3 kommentarer:

  1. Så sant. Og bra. Eg les dikta dine kvar dag, koseleg innslag i bloggkvardagen. Ha ein fin dag, kanskje du blar meir i album.

    SvarSlett
  2. Enig!

    Og innimellom er det faktisk bra, eller?

    Så koseleg at du er kjent på Moa. Bok og media er der med sine Cd hyller.
    Og bowlingen er fortsatt nedi i Vika. Godt at noko er som det eingong var!

    -Fin kveld til deg-

    SvarSlett
  3. Akkurat slik har jeg tenkt... mange ganger. Herlig dikt.

    SvarSlett