onsdag 13. februar 2013

Med ein fot i grava - og vel så det

Med dette ironiske (for ikkje å seie sjølvironiske...) diktet, tek eg 3-4 dagar blogpause. Må ha nokre "kvite" dagar, utan data...



Verre enn dette kan det ikkje bli;

Eg sit og dinglar med begge beina i grava
eg sjølv har grave ut
gjennom timar med blodslit
og pine

Eg har kjempa meg veg, gjennom
snøvér og vind
trassa stormen og kulda
med døden halsande etter,
dei krokete fingrane greip etter meg
og dytta meg fram

alt mens ulvane gnog mine bein,
heldt meg att,
let meg kravle meg veg gjennom frosten

Slik er det å vere mann
halvvegs bortært
av feber og snott

1 kommentar:

  1. Hadde mannen min kunne skrive dikt, kunne dette likeså godt kome frå han. Godt!

    SvarSlett