mandag 18. februar 2013

Lux




I
Lys, å lys, ikkje blend mine auge
Ikkje lei meg i vilska;
Ikkje før meg ut i land
som er ukjent og ugått
og utrakka mark under mine sko

Lys, å lys, ikkje slå meg til bakken,
ikkje ku min vilje
Tak beiselet av min uvillige mule
og lat meg gå fri
eg ber

Lys, å lys, ikkje lei meg på vegar
eg slett ikkje ynskjer å gå





II
I eit mørke av lys, kan du sjå meg
her eg går?
Kan du sanse mine hjarteslag,
min korte pust og vilje av jern,
som kjempar imot for kvar meter

eg går, ein slave, ein træl
kontrollert og tukta
mellom høge søyler og mektige tre
i eit land eg aldri har kjent





III
Det store lyset kan skimtast langt vekke,
dreg meg til seg, som ein møll om natta
Som eit viljelaust insekt virrar eg nærare,
steg for steg
lenger og lenger vekk
frå meg sjølv





IV
Det er sjølve møtet eg fryktar,
møtet mellom møllen og lyset
mellom den rømde slaven og herren

Dette møtet er uunngåeleg,
så lenge eg ikkje klarar å rygge,
halde meg unna, til min eigen veg,
men vert dregen framover
av usynlege krefter
som lokkar og dyttar og lyftar meg fram

Eg fryktar augeblikket
når eg står rett framfor lyset,
og dei kraftige strålane skal gjennomlyse
mine tynne vengjer og min ynkelege kropp
Eg fryktar augeblikket
då alle vil forstå
kor eit mistak det var å leie meg hit,
føre meg fram på denne vegen

til inga nytte

Eg fryktar møtet, eg fryktar blikket
som kan knuse alt eg er og har vore
og felle ein dom eg aldri vil bli fri

og endå klarar eg ikkje stanse
Kva er det for ei kraft
som lokkar slik gjennom natta?





V
Lys, å lys, å lux incarnatio
Evig varme, evig kjelde til liv!

Eg flyg ut i lysglansen, vert omslutta
av lyset som lokka, lyset eg frykta
og badar meg rein i straumen av varme
som møter meg frå sjølve lyskjelda

Eg, den nattsvarte møllen,
og Lyset, makta som sluker mi avmakt
dekkjer mine nattsvarte tankar
og dreg meg nærare, nærare,
til kvart pulserande slag
går i eitt med meg sjølv,
og alt det vrange vert rett
og alt det svarte vert kvitt
og alt det som var sjukt og feil
vert retta opp att og sett i stand

Å, Lux Incarnatio
eg flyr til deg
all mi tid!

2 kommentarer:

  1. Du er verkeleg flink.

    Lyset, alltid lys,-einstad.

    Mvh Marie

    SvarSlett
  2. Takk!

    Eg kommenterar ikkje så ofte her inne sjølv, men eg set pris på alle kommentarane de skriv!

    SvarSlett