mandag 11. februar 2013

Då det rette vart skakt



Eg, som har vandra med skylappar
all mi tid, ikkje sett
ikkje høyrt
ikkje villa sett eller høyre
noko av alt som kan velte
bryte, vippe av pinnen
den fine balansen, mellom mitt
og ditt
som eg har innbilt meg sjølv
eksisterte

heilt til eg, den blinde, vendte hovudet
først til høgre, så til venstre
og såg verda
som eg aldri før har sett den
Kor skakt alt er!
Alle mine beine forsett, og rette stigar
vart brått bøygde
og ubrukelege

eg måtte ha nye auge og nye øyre
som passa betre til denne verda
eg plutseleg såg meg sjølv som ein del av

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar