søndag 3. februar 2013

Alle vegane



Det er så mange vegar
som fører ut av denne byen
Kor endar dei, alle saman?
Fører dei meg dit eg vil,
eller fører dei meg av garde
på ville vegar
der ingen bør gå?

Kva spor skal eg velje, kva veg
skal eg fylje
utan kart eller kompass, utan skilt
eller retningssans
i eit landskap så fjernt
frå eigne draumar

Alle vegane, som utstrekte trådar
framfor meg
Eg må velje ein av dei
og får aldri sjansen til
å velje på ny

2 kommentarer:

  1. Takk for ord om veivalg til ettertanke, et herlig dikt!:)Så mange veier å gå..men godt at det finnes omveier, utveier og kanskje noen snuplasser også i livet vårt..hvis vi skulle ta feil vei..kanskje gå oss vill en gang i en blindvei..og det kan jo så absolutt skje oss på livsveien vår!:)God søndagskveld fra oss i Humlehagen!:)Hilsen Else Britt:)

    SvarSlett
  2. Sant det! Så om vi aldri får velje om att vegar vi har gått, har vi alltid sjansen til å rette opp og komme inn på riktig veg vidare, likevel. Takk for fin påminning!

    SvarSlett